Spørsmål og svar
Her kan du stille spørsmål til forfatteren. Hugs at spørsmål ikkje blir lagt ut før dei er godkjende!
Simen, 14, Trondheim (27.01-12)
Hei!
Hva er temaet og budskapet i boka Englejakt?
Skoleprosjekt, håper raskt svar!
Hei Simen!
Det er ditt skuleprosjekt, du må finna svaret sjølv...
Viss eg berre gav deg eit svar, så ville eg teke frå deg den utfordringa som skuleprosjektet ditt nok er meint å vera.
Og det er på utfordringar ein veks og blir klok.
Lykke til og alt godt:-)
Ingelin
PS: Ei bok har ulik bodskap i møte med ulike lesarar, så det er ingen fasit....
Simen, 14, Trondheim (26.01-12)
Hei!
Hva var bakgrunnen for bøkene om Engel Winge & co? Har skoleprosjetk om Englejakt. Hva gjorde at ideen kom, og hvordan kom den? Hvordan tenkte du da du skrev, hadde du tenkt på innholdet i boken lenge?
Hei!
Bakgrunnen var at eg ville skriva ei bok om ei tøff og rappkjefta jente som skulle få lov å vera ein actionhelt på lik line med gutta:-).
Eg ville at bøkene skulle vera underhaldande pageturnarar.
Ideen eller ønsket om å skapa ein krimhelt som jobba i lokalavis kom mens eg sjølv var 19 år og jobba i bladet Tysnes, same avis som Engel jobbar i gjennom dei (førebels) 3 bøkene om henne.
Håpar dette var til hjelp:-)
Sidan dette er bøker i action-krimsjangeren, så tenkte eg ikkje på så veldig mykje anna når eg skreiv enn at det skulle vera ei "god skrøne".
Alt godt
Ingelin
Live, 15, Møre og Romsdal (17.01-12)
Hvor finner du inspirasjon når du skriver? Hva var utgangspunktet for å skrive den gode boka Handgranateplet?
Skriver du om deg selv, andre virkelige personer eller fantasipersoner?
Håper veldig på svar raskt, skoleprosjekt!
Hei!
Eg skriv om fantasipersonar som eg lever meg inn i. Når eg sit og skriv så er eg den personen eg skriv om. På den måten opplever eg det som skjer i boka.
Eg får inspirasjon av bøker, film, musikk, nyheiter. Skriv kort sagt om ting eg er nyfiken på.
Mvh
Ingelin
Lene, 17, Ullensvang (05.01-12)
Hei, eg lurer på om det kjem ein bok etter engleslakt? :)
Eg liker ikkje spesielt å lesa, fordi eg har ikkje funne noken forfattarar der handlinga faller innanfor min interesse. Bortsett frå deg då! Eg elsker bøkene dine! Eg har lest handgranateple også fekk eg englefjes til jul! Håpar eg får englejakt til burdagen min. Må bare sei at herregud så spennande og kjekt det er å lesa bøkene dine! Eg skal lesa englejakt og engleslakt snart, og gleder meg! Men eg vil ikkje at spenninga skal ta slutt, så eg håpar du skriv fleire bøker om Engel Winge! :D (Og likar godt at du skriver på nynorsk)
Hei, takk for fin melding og beklagar at eg ikkje har svara før.
Eigentlig skulle det berre bli tre bøker om Engel Winge, men no ser det ut til at det blir fleire likevel. Det er fordi eg likar veldig godt å skriva om henne:-).
Nett no er eg i gang med andre bokprosjekt, men viss alt går etter planen startar eg på ny bok om Engel til sommaren og då vi, den koma ut i 2013!
Så kryss gjerne fingrane for at eg finn det perfekte nye eventyret for Engel!
Alt godt
Ingelin
Www.ingelin.no
Ruben, 13, Bindal (03.01-12)
Hei Ingelin!:)
Vi skal ha et slags "framlegg" om en forfatter vi har valgt på skolen om noen uker, så jeg lurer på om du kansje kan skrive en slags "selvbiografi" om deg selv?:) Det hadde vært kjempefint!
Jeg synes du skriver kjempebra bøker:) De rocker!!!:D
Hei, beklagar at dette svaret kjem litt seint.
Du finn biografiar om meg to stader på nett i alle fall.
Her: www.engelwinge/forfattaren/index.php
Og her:
www.ingelin.no/om-ingelin/
Lykke til med oppgåva!
Og tusen hjarteleg takk for at du likar bøkene, og gir tilbakemelding på det. Det betyr mykje:-)
Andrea (13.12-11)
Hei, jeg lurte på om hvilket budskap og tema i boka Engleslakt du ville få fram?
Hei Andrea!
Beklagar seint svar.
Det viktigaste når ein har lese ei bok er kva du synest er tema og kva du får ut av den, ikkje kva forfattaren i si tid har meint.
I Engleslakt så står det faktisk bakpå boka kva problemstillingen i romanen er:-)
Finns det handlingar som ikkje kan bli tilgitt, men som må hemnast?
Alt godt og takk for spørsmål
Mona, 15, Bergen (08.12-11)
Heisann.. eg lurer på om du kan sei ka temaet i boka englejakt eigentleg er?
Hei!
Takk for spørsmål og beklagar seint svar. No har du sikkert funne ut kva temaet i Englejakt eigentleg er på eiga hand. Og det som du finn ut er temaet er eit meir rett svar enn kva eg tenkte var temaet då eg skreiv boka. Det er ikkje noko fasit på det svaret. Det er det so er det fine, og kanskje litt kjipe også. Det som vil gi deg god karakter på ei skuleoppgåve eller gjera deg klokare som menneske, er når du sjølv reflekterer over boka og bodskapen:-)!
Alt godt
Ingelin
www.ingelin.no
Maria , 14, Bergen (16.10-11)
Hei Ingelin! :-)
Holder på å skrive forfatter biografi om deg på skolen og har brukt bloggen din som en veldig bra kilde! Men det var en ting en ikke fant svar på:
Hviken tidsperiode pleier du å skrive i?
Og hvilken skrivestil vil du si at du har?
Ha en forsatt fin dag! :-)
Oi, såg dette spørsmålet først no! Håpar du fann svar på det du lurte på.
Det finns mest informasjon på bloggen og heimesidene www.ingelin.no er også på Facebook som ingelin.no
Ida, 11, Noreg (01.09-11)
Hei Ingelin, Eg lurar på Kor mangen bøker du har skrevet
Helsing: Din største Fan^^
Hei du!
I desse dagar er det nett blitt 10 bøker. Minus meg kom ut på måndag. Ta gjerne turen til www.ingelin.no og finn ut meir om nyeboka.
Klem
Ingelin
Marte, 14, Florø (11.06-11)
Hei,
Eg er veldig glad i å skrive noveller og forteljinger.Har altid likt det. Men blei meire inspirert då du besøkte klassen vår og fortalte litt om det å vere forfatter. Eg har veldig lyst å skrive ei ungdoms bok . Og lurte på , Kor mange datasider bruker du å skrive ?
Helsing Marte
Hei, og takk for spørsmål.
Kor langt eg skriv varierer, men mellom 150 og 220 sider er vanlig:-)
Alt godt og lykke til!
Ingelin